lørdag 9. april 2011

Norrøn ættekjensle og miljøpolitikk

Alt var så mykje betre før! I alle fall tykkjer dei gamle det, når dei klager over dagens ungdomar.
Eg veit ikkje kva dei meiner med ”før”, det kan jo vere så mangt. Sia denne teksten skal handle om norrøn tid, skal eg snakke litt om tida før Heilag Olav døyde i slaget på Stiklestad i 1030. Den gongen var mannfolka tøffe, og kvinnfolka sterke. Ungane derimot, dei døyde både støtt og stadig. Men vikingane løyste det problemet med å lage mange av dei.
I dag lager me ikkje så mange ungar. Dagbladet seier ofte at sex gjer folk lykkelege, så eg trur kanskje dei gamle har rett. Om dei har det eller ikkje, spelar eigentleg lita rolle, vi bryr oss ikkje så mykje om dei uansett. Gamlingane er noko som har gått ut på dato, og i dag brukar me resirkulere slikt. Det er godt vi er blitt så miljøbevisste, på grunn av den globale oppvarminga. Forskarane seier det kan gå riktig ille, og da lyt vi tenkje på framtida, og ikkje utgått slekt. Når eg snakkar om forskarane; dei seier mykje rart dei også, og dei er sjeldan einige. Ein gong las eg at barn av eldre fedrar vart dumme. Då vart eg forvirra. For far min var 40 år eldre enn mor mi. Og eg har to brør som tykte skulen var så kjedeleg, at dei tok noko av han som privatistar. Eg vil tru det tydar at dei er smarte?
Sia far min var ein av dei gamle, brukar eg seie at eg vaks opp i steinalderen. Det var nemlig ikkje slik at det berre var han som var gamal. Vi hadde gamal tv, gamal utedo, og budde på ei gamal seter, der vi henta vatnet i brønnen. Vi hadde til og med litt gamal slektskjensle, sida vi aldri leverte han til gjenvinninga. Utover at vi spreidde oska i skogen da, det blir kanskje å resirkulere det?

I norrøn tid brukte dei å hemne seg, om nokon var så tjukke i hove at dei trua familien deira. Då vart mannfolka sinna, og tog med heile slekta for å vise kor tøffe dei var. Det må jo kunne kallas ættekjensle vil eg tru. Nokon i dag har ikkje gløymt dette med ættekjensle. Dei har riktig nok bytta hestane med BMW, og snakkar ”kebabnorsk”. Men bilen er minst like viktige som hesten var før i tida. Man køddar ikkje med hesten til ein viking, og heller ikkje med BMW-en til ein pakistanar. Dei kan begge gje døds straff.
Det gjer også mange land. Amerika blant anna, men det har ikkje noko med slektskjensle å gjere, så eg skal ikkje snakka om det! Men det store utland har mykje anna å by på. Ein gong snakka eg med ei dame i Tanzania. Ho tykte ikkje oppbevaringa, og resirkuleringa, av den utgåtte slekta var noko moro. Ho sa ho ville kome til Noreg, og ta vare på dei gamle. Vi derimot, ville gjerne ta vare på hundane hennar. Så vi byggja ein hundegard, og ga dei kjøtt å ete.
Eg undras om det tydar at vi i Noreg har ei hundekjensle, og dei i Tanzania har ei ættekjensle? Sjølv om det verken var våre hundar, eller hennar slektningar.
I Afrika får dei også mange barn. Og han forskaren i Dagbladet har nok rett, for dei er svært lykkelege på den afrikanske landsbygda.
No har eg nesten gløymt han Heilag Olav. Han blei jo kristen han, og vende de gamle gudene ryggen. Men så døyde han jo og da, det er slikt vi kaller karma i dag!
Dei norrøne gudane var viktige førebilete for vikingane. Dei laga dikt om korleis ein mann burde vere, og sa det var slik ein levde eit liv i ære. Vi har nokre slike dikt i dag også. Dei kallas salmar, men det er eigentleg ingen som bryr seg om dei. Dei har liksom gått ut på dato dei også.

På gardane før i tida hadde folk ei sterk ættekjensle, både med slekta og naboane. Eg hugsar det frå spelet om ”Slaget på Stiklestad”. No i dag bryr vi oss ikkje så mykje om bøndene lenger. Men bygdedyret, det har ingen klart og gjere blodhemn på. I den gamle folkevisa “Olav og Kari” tek Olav livet av kona si, berre fordi mor hans snakkar stygt om ho. I dag ville vi sjølvsagt resirkulert den mora med ein gong. Og ikkje ville nokon tatt livet av Kari heller. Vi ville berre mobba ho til ho gjorde det sjølve, og spara oss for jobben. Vi er nemlig ikkje så sterke og tøffe lenger.
No har eg snakka litt om tida før Heilag Olav, og før mykje anna også. Før eg vart vaksen for eksempel. Og eg trur slektskjensla lever den dag i dag, han har bere blitt litt meir pedagogisk. Han har liksom mutert, slik vi har lært om i naturfag.
Men ungdomane, dei er like håplause. Og det er kanskje derfor folk har slutta å lage så mange ungar, og blitt deprimerte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar